Language Technology at UiT The Arctic University of Norway

The Divvun and Giellatekno teams build language technology aimed at minority and indigenous languages

View GiellaLT on GitHub divvungiellatekno/giellalt.uit.no

Page Content

S&T 13.6.2017

Saker

OmegaT

Hfst-tokenisering fungerer no også på Windows. Men filnamnet kan bli feil når ein lastar ned, må dokumenterast.

Drøfting

Oversyn

Dette trengst:

Dokumentasjon

Dokumentasjon på to nivå: For utviklarar (kontinuerleg) og for brukarar (når vi skal dit).

Installering

Når det gjeld det å installera analysatorane føresår Tomi å gjera det likeeins som med Apertium: ein dialog der ein installerer dei språka ein er interessert i, tilgjengeleg via Options > Hfst-tokeniser (det må heita tokeniser pga OmegaT-terminologien, eigentleg er det lemmatisering vi tilbyr). Det blir ei god løysing.

Dette må koordinerast med Tino, slik at vi har analysatorar å lasta ned.

Sjur pratar med Tomi.

Språkpar

Mest aktuell Hfst-tokenisering er dei vi ikkje har MT for: nob-sme, nob-sma, nob-smj, fin-sme, fin-smn, fin-sms.

Vi bør teste om hfst-tokenisering for nob ( evt. fin) gjev betre resultat enn dei tokeniserarane Apertium har som standard

Signeringstull for Trond

i smn, make:

[E osx:26] productsign: error: Could not find appropriate signing identity for “Developer ID Installer: The University of Tromso (2K5J2584NX)”.

Dette etter at vi har køyrt fastlane match-opplegget, og Trond burde ha signeringssertifikat på maskina. Trond har ikkje sertifikatet, trass i fastlane-runddansen. Kvifor?

Sjur får Trond si feilmelding, nøkkelringen manglar info, Sjur ser på dette.

Tastaturarbeid framover

Mobiltastatur

Mobiltelefontastatur ventar på signering (for Trond).

Datamaskintastatur

Arbeidspunkt framover:

Vi vil òg oppdatera divvun.org slik at vi kan gjera tastatura tilgjengelege for andre språk.

Røyrvik

Marja-Liisa reiser i lag med Maja. Dvs at både Børre, Maja og M-L er i Røyrvik.

Grønland/Tromsø om 14 dagar

Bør vi koordinera? Eller er opplegga for forskjellige? SMj-lingvist? Sjur sjekkar.

Tromsø:

1 færing, 3 ungararar (mansisk), x kvenar, to marisk (Austerrike og Belgia).

Grønland:

Opning av museet i Neiden

Austsamisk museum blir endeleg opna (fredag). Ciprian og Trond dreg dit. DEt finst ein stavekontroll, men vi veit ikkje kor god han er.

Ymse