Language Technology at UiT The Arctic University of Norway

The Divvun and Giellatekno teams build language technology aimed at minority and indigenous languages

View GiellaLT on GitHub divvungiellatekno/giellalt.uit.no

Page Content

T & S 20.6.2017

(Dette var eit kort møte)

Saker:

onlinespeller

Verkty, ikkje demo

Onlinespelleren fungerer på store tekstar, og fleire brukarar har vanskar med å installere stavekontrollar. Konklusjonen er:

Testen Test our spellers blir endra til Online speller eller liknande. Poenget er at dette ikkje er ein test, men eit reelt verkty, som alternativ til stavekontroll på eiga maskin. Sjur ser på dette.

Oppdatering

Stavenkontrollane online er gamle. Skal vi hanyare stavekontroll - nattleg bygg?

Stavekontrollen for sme er frå desember (siste offisielle versjon). Sjur har ikkje fornya den, fordi han ikkje har testa regresjonar i forslaga.

Stavekontrollen for smn frå august. Trond har no fått passord og oppdaterer smn.

Skrik

Diskusjonen held fram i Bugzilla.

skoltesamisk (tastatur, retteprogram, fst)

Skoltesamisk i Noreg blir meir aktuelt etter opninga av museet.

Tastatur

I Neiden var det diskusjon om tastatur - korleis skal det sjå ut? Sjur tar kontakt med dei som hadde fått tastaturet for å halde fram diskusjonen

Stavekontroll

Med meir interesse for skoltesamisk bør vi sjå meir på ordretteprogram for sms.

tastatur generelt

Sjur og Brendan har arbeidd med Windows-installeraren. No har vi eitt opplegg for å bygge ei Windows-pakke. Vi har no alle versjonar for ulike land i same pakke, og som .exe-fil og ikkje som .zip-fil. Signeringa er framleis open, men kjem.

Eitt atterhald: Dette er ikkje testa.