S&T-møte 15.8.2017
Saker:
- m4/multippel twolc for kvensk
- Munchs skrik
- Taggflytting
- Setje opp test med multippel kompilering
- Ordboksinfrastruktur
- Orienteringssaker
m4/multippel twolc for kvensk
- Var pimeä, kiveä (Pykeijä, Annijoki)
- Por pimmee, kivvee (Pyssyjoki)
- Jok … (Raisi, Yykeänperä, Alattio)
Sjur: Helst ikkje m4.
m4 er eigentleg berre ein måte å uttrykke løysinga med (1A og 1B nedanfor) ei fellesfil og tre separate filer der felles og kvar dialektfil blir slått i lag og deretter kompilert. Dvs for kvar dialekt blir det éi twolc-fil (som er summen av to kjeldefiler).
Den grunnleggjande redigeringsskilnaden er mellom kvar regel ein gong (1)= eller dobbeltskriving (2).
Den grunnleggjande tekniske (og kanskje også lingvistiske?) skilnaden er mellom å kompilere i eitt (1B) eller to (1A) steg
Parametrisert lexc og twolc:
Ha eit system der kvar regel blir skrive ein gong:
- 1A Ha fonologireglar i to steg (= mogleg å sjekke, men regelordning i twolc)
- a. felles twolc
- b. 3 separate twolc
- 1B a fonologireglar i eitt steg
- Ha to kjeldefiler (a. felles, b1 Por, b2 Var, …) og slå dei saman til tre separate twolc-filer i kompileringa.
Ha tre ulike twolc-filer, med overlappande innhald, delar av innhaldet blir skrive 3 gonger:
- 2 Ha to sett fonologi i kvar fil (merk reglar for FELLES eller SEPARAT)
- fordel: ei twolc-fil for kvar dialekt
- stor ulemple: F-reglane blir skrive 3 gonger, i ulike filer
Vi vil eigentleg også ha ein fjerde fst, som godtar alle tre variantar.
Denne kan lagast
- som unionen av alle (lite arbeid, men svært stor fst
- som eit nytt regelsett for unionen av alle 3
Fellesreglar:
- Stadieveksling,
- vokalendringar i første stavinga
- vokalendringar pga -i-
- Vokalharmoni
Dialektspesifikke reglar
- Geminering
- men:
- alle (?): tekkee
- Por: pimmee, Var: pimeä
- slik at skilnaden ligg i lexc (+Sg+Nom:%>^V K ; vs. +Sg+Nom:%>^A K ;)
- kva med:
- +Sg+Nom+Dial/Por:%>^V K ;
- +Sg+Nom+Dial/Var:%>^A K ;
- men:
- monoftongering i suffiks
Parametrisert lexc men ikkje twolc
I denne løysinga er alle dialektskilnader eksplisitt tagga i lexc, og alle lexc-strengane går gjennom same sett av twolc-reglar. Evt. strengar som ikkje skal gå gjennom twolc-reglar vil då ha symbol som blokkerer dei relevante twolc-reglane.
Vi bør diskutere dette med fkv-gruppa.
TODO: Trond skriv brev og gjer framlegg om møte fkv-gruppe, Sjur, Trond.
Munchs skrik
Sjå Bz.
Taggflytting
Krev meir arbeid enn fyrst tenkt. Sjur ser på det.
Setje opp test med multippel kompilering
Dette er alternativet med separat build/ eller bygg/-katalog. Vi såg på det i går. Det er framleis opne ting, men uproblematisk å setje opp.
Trond testar ut og kjem attende til saka.
Ordboksinfrastruktur
Vi treng eit fellesmøte for å diskutere gode sider ved dei ulike løysingane vi har, lære og evt. synkronisere der det er naturleg.
Orienteringssaker
- Ny programmerar for GT (Chiara) startar i morgon