S&T-møte 25.6.2019
Saksliste
- Utlysing
- xserve
- sørsamisk konf
- nodalida
- dok
- cg-mt
- abbreviations
- Paris
Utlysing
Utlysing av programmerarstillingane: norsk tekst er sendt inn for lenge sidan, har vorte vidareformidla til nivå 1. Engelsk tekst vart sendt inn i dag.
xserve
SEE-oppsettet var ikkje på plass med tanke på omstartar. Sjur har retta det slik at SEE no kjem opp automatisk neste gong maskina blir starta på nytt.
sørsamisk konferanse i haust
Konferanse om sørsamisk grammatikk, med mål om å få fram ny kunnskap om grammatikken.
Framdrift for vitskaplege innlegg
- Frist for å sende inn: 19.8.
- Tid for å lese gjennom: 3 veker
Publisering i Nordlyd: Sjur jobbar med saka.
nodalida
30.9.-2.10., ein dags overlapp med sørsamiskseminaret.
Det er fleire som planlegg innlegg, men alle kjende så langt er knytta til workshop den 30.9., slik at folk kan nå begge arrangementa.
Uppsala
I november. Usikkert kven som dreg, om nokon.
Teknisk dokumentasjon - omorganisering
Dvs giellalt.
Infrastruktur
FST-
- kompilering
- testing
- ...
Applikasjonar
- proof
- mt
- gc
Servers
Sysadm
cg-mt
Sjur har sett på dette.
Her har vi ein perl-kode som føreset at ting ligg på bestemte plassar i høve til perl-fila. Vi må i staden ha eksplisitte stiar.
- Referer til lukka kode i $PRIV eller tilsvarande <=
- Referer til lukka kode i ~/bin og dokumenter installering
Det minst komplekse er (1), vi går for det. Kunsten er å referere til filer eksplisitt (definere referansane) og ikkje implisitt, som i dag.
Abbreviations
Trond testar no splitting av sme-forkortingar i generelle og språkspesifikke filer:
LE Root
Abbreviations ;
LE Abbreviations
Abbreviation-sme ; ! til språkspesifikk
Abbreviation-smi ; ! til fellesfila
Mange språk har ikkje den nye preprosesseringa, t.d. nob. For parallellisering (t.d. sma-nob) må vi dermed nytta det gamle oppsettet med preprocess osb.
Trond tar dette vidare.
Forkortingar og korpusprosessering
No kan det sjå ut som om parallelize.py bruker verken ny eller gamal, men derimot tca2 i parallellisering. I så tilfelle vil heile denne diskusjonen vere irrelevant for korpusparallellisering, i alle fall heilt til vi endrar parallelize.py.
Det er mogleg at det å bruke tca2 for parallellisering inneber at vi må bruke tca2 også for tokenisering. Dette må vi diskutere med Børre.
For desse endringane treng vi før- og etter-testar, for mange ulike språk.
Paris
Sjur svarar Sametinget, og melder seg som mogleg representant.