Language Technology at UiT

The Divvun and Giellatekno teams build language technology aimed at minority and indigenous languages

S&T-møte 21.6.2022

Saker:

Canada-programmerar på vitjing i haust

Børre har ferie den aktuelle tida, men kan vera fleksibel om det blir bestemt snart.

Trond skriv til henne og forklarer, Sjur og Børre på kopi (5.-9.9. ok men opp til henne).

«Erstatninger for enkelte samiske bokstaver»

Sjur svarar. Det finst ikkje tilbakefallsløysingar. áčđŋšŧž til acdnstz inneber tap av data.

Innspel frå Øystein - EU-pengar

Ser på det på nytt etter ferien.

«Selvbetjeningsløsninger på samisk»

Brev frå KDD. Sjur ringjer dei.

Vi har ikkje data:

Nordsamisk lingvist

Vi manglar morsmålstalande personar på nordsamisk. Kva gjer vi?

OECD-rapport - oppsummering

Vi må levera tekstar som er klypp-og-lim-ferdige, elles blir dei ikkje brukte. Alt vi skreiv på engelsk er brukt, det vi skreiv på norsk er ikkje brukt.

SMA-artiklar

Sjur pratar med Maja, vi held fram etter sommaren. Vi må minne fagfellene på dette før sommarferien, slik at dei kan ha noko ferdig ganske snart etter ferien.

Sitemap

On this page