Language Technology at UiT

The Divvun and Giellatekno teams build language technology aimed at minority and indigenous languages

Neste møte med Trond

21.11.2023

Saksliste

Saker

Skuvlahistorja

Svein Lund vil finne ein heim til skuvla.info. Med å lagre repositoriet i github kan vi automatisk generere ei .io-side. Eit mogleg problem er url-en.

Legge alt i mappa docs/. Utafor denne mappa ligg ei LESMEG-fil og ein lisens. Inni docs/ ligg det ei index-fil (dagens framside) med lenkjer ned i eksisterande filstruktur, som ligg inni docs/.

Ulike alternativ når det gjeld repo, GH-organisasjon og dei domena ein då får:

Jf. uit sine organisasjonar. Konaktperson i IT-avdelinga (meld inn via orakel) Radovan Bast.

Ordbøker

Alle ordbøkene er i github. Neste steg:

DM

infra

flytta Bugzilla til GH Issue

Jf https://stackoverflow.com/questions/7281304/migrate-bugzilla-issues-to-github-issue-tracker

Vi lukka Bugzilla pga. problem med å ha feildiskusjonar ope på nett. No kan vi ha så mange private repositorium vi vil, og vi kan ha lang-xxx og ein privat versjon av lang-xxx. Diskusjonar vi ikkje vil ha opne kan vi dermed ha i den private versjonen.

Neste Divvun-samling

4.-8.12.2023

Felles samling med GG i januar? Ei av dei to siste vekene. Ok for Trond, men helst den siste veka for å unngå TIFF (eller vil GG dit då?).

Historisk korpus

corpus-nob-orig/hist_orig/:
corpus-sme-orig/hist_orig/: 761
corpus-smj-orig/hist_orig/:
corpus-smn-orig/hist_orig/:

Stort sett pdf-ar, spenner over ca 300 år.

Døme: corpus-sme-orig/hist_orig/news/sami_usteb/Sami_usteb_1901_11.pdf

Vi treng lister som viser kva vi har og ikkje har. Vi diskuterer dette under Divvun-veka (på infra-møte).

Vi treng eitt korpus med gjeldande og eitt med ikkje-gjeldande.

fst-ar i Pahkat

I dag genererer vi både analysatorar, fst-ordbøker, online-stavekontrollar og cgi-bin-fst-ane manuelt. Vi har no testrutiner for å sikre oss at nye fst-ar ikkje er dårlegare enn før. Vi tar dette på inframøtet.

Zulip-meldingar frå GitHub

… er no i nytt og betre format. Puffing av fleire innsjekkingar på ein gong er framleis problematisk.

Grammatikkontroll

Jf denne feilmeldinga om ein psykedelisk feil.

Dette er no fiksa i Google docs, og kjem snart for MS Word.

Sitemap

On this page