Giellateknomøte
- Tid: 4.6.2026
- Til stades: Brede, Trond, Trond, Anders
Saker
- Server
- Korpoppdatering
- Giellateknosidene
- NDS
- Metaordboka
Server
Vi har opplevd nedetid på gtweb pga. overbelastning.
Problemet var ei spørjing på analyse, frå eit finsk datasenter som sendte ein og same streng mange (30 000) gonger.
Løysing så langt:
- ip-avgrensing på cgi-bin (10 i minuttet for same ip, det er kanskje litt lite?)
- avgrensing på cgi-bin (uavhengig av ip-nummer) på 10 i sekundet
Vi følgjer opp dette og ser om det hjelper og om det er for strengt.
Vi bør endre feilmeldinga frå “503 service temporarily unavailable” til “429 Too Many Requests”.
Vi kan også vurdere filter for å hindre bot-bruk.
Korpoppdatering
… har dei siste dagane vorte sett til side pga serverproblema.
- Analysesteget er framleis analyse_corpus frå Børre.
-
korp-mono var eit skript som gjekk for sakte, det har Anders skrive om.
- How to update monolingual content
Anders ser på dette og oppdaterer dokumentasjonen på sida ovafor. Vi kjem attende til saka i neste veke.
Giellateknosidene
Brede arbeider med dette, ser på tekniske løysingar. Det var ein svx-filtype (blanding av svelte og markdown). Brede ser no på om det er mogleg å berre bruke markdown.
Import av sider frå dei gamle sidene: - utdatert informasjon - daude lenkjer - ting som bør omstrukturerast
Dette bør vi sjå på i lag.
Korfor skal folk inn på Giellatekno-sida?
- teknisk: vis til gielllalt.github.io og github kildefiler
- verkty: Vis til våre verktøy (NDS, gtweb, oahppa), og til borealium.org
- Kven er Giellatekno og kva slags forsking driv vi på med
NDS
Fleire lemma med feite typar - saka
Anders har lagt dette til side. Problem: Å vise paradigme for lemma 2.
Vi ror i land dei andre sakene før vi ser på dette, og då prioriterer vi det høgare.
Metaordboka
Innlegginga er (?!) meir stabil no.
Neste møte
16.6.