GitHub Issues
GitHub Issues er eit verkty for å melda og fylgja opp feil, manglar og andre saker som må gjerast med koden. Kan òg brukast til å organisera det daglege arbeidet.
Korleis nyttar eg systemet?
Ny melding
- gå til repositoriet, og klikk på Issues, deretter på New issue:

- Fyll i ein passande tittel, og gje detaljane i meldingsfeltet nedanfor. Du kan formattera detaljane med Markdown-syntaks. Til slutt kan du spesifisera kven som skal arbeia med saka, leggja på merkelappar m.m.

Melda meir i eksisterande meldingar
- opna ei eksisterande melding
- skriv i tekstfeltet lengst ned:

Skriva gode meldingar
- ta med alle relevante detaljar, men heller ikkje meir
- stutte og klare meldingar
- ein kan nemna folk og grupper med
@
-notasjon, då vil dei få ein e-post eller anna melding
- ein kan visa til andre feilmeldingar (issues) med
#xxx
-notasjon, der xxx
er nummeret på feilmeldinga; det fungerer òg på tvers av heile GitHub-verda om ein legg til namnet på repositoriet og organisasjonen
- ein kan visa til innsjekkingar ved å nemna innsjekkings-hashen - den lange heksadesimale koden som finst for kvar innsjekking
Korleis får eg oversikt over opne feilmeldingar
- sjå i registeret
- sjå i repolista, der står det kor mange feil kvart repo har
- feilmeldingar ein sjølv har kopling til står på github-meldingssida
- det finst ei eiga side for alle feilmeldingane ein har tilknyting til
Personvern
- for å vera anonym skal ein velja eit brukarnamn som ikkje kan koplast til ein sjølv
- la e-postadressa di vera privat — «Keep my email addresses private»
- la andre innstillingar vera standard
- ein kan gjera repositorium private om det trengst