Byte til Markdown
Bakgrunn
- innebygd støtte i GitHub (README, Pages/nettsider)
- ein godt støtta standard
- kan innehalda HTML der MD ikkje strekk til (med visse avgrensingar)
- Forrest er eit daudt prosjekt
- Forrest nyttar Java - vi prøver å kvitta oss med Java
- nettsidene blir bydde automatisk ved innsjekking går berre sekundar/minuttar før oppdateringa er på plass
Konvertering av gamle nettsider
- Tommi og Sjur gjer det
- finst skript i $GIELLA_CORE for dei som vil prøva seg (oppskrift her)
- nettsidene er no organiserte slik:
- techdoc delt i to
- det som gjeld Tromsø: giellalt.uit.no (enno med Forrest/jspwiki/xml, og inneheld all gamal techdoc enno)
- det som er allment (og på engelsk): giellalt.github.io
- alt språkspesifikt skal liggja i
docs/
-mappa i kvart språk - med unnatak av:
- kjeldekodeintern dokumentasjon (doccomments) er no òg i Markdown - alle språk er konverterte
- språkspesifikk dokumentasjon ligg her:
giellalt.github.io/REPONAMN/
- frå docs/
-katalogen
- kjeldekodedokumentasjon blir trekt ut og bygd automatisk, treng ikkje
make
+ innsjekking lenger
Verkty
- dei fleste editorane har innebygt støtte for Markdown
- syntaksfarging, førehandsvising
- i dag viser eg med SubEthaEdit (berre for Mac), men det aller meste er uavhengig av program
- for å få forhandsvising i SEE: sjekk at syntaksen er sett til Markdown (nederst til venstre), og trykk deretter
Cmd-R
- same syntaks som elles
- same konvensjonar som før:
!!
- Alt etter dette blir lagt i Markdown-dokumentet
!!=
!!≈
- same variablar som før:
@CODE@
osb
Markdown-syntaks
Sjå denne: https://www.markdownguide.org
Over stokk og stein
- tabellar må ha (eit tomt) hovud, og må ha ei tom line rett før
- HTML: alle HTML-element er støtta, men om du set inn eit blokknivåelement så vil ikkje Markdown inni elementet bli tolka i utgangspunktet, alt må vera HTML
- ekstra CSS, Javascript osb må liggja i spesielle mapper og filer
- oppmerkinga for halvfeit og kursiv (ei eller to stjerner/golvstrekar før og etter) MÅ stå inntil teksten dei skal formattera - ingen mellomrom!